Bruke video til undervisning og læring

Denne sida inneheld tips og informasjon om video i undervisninga, og korleis du som driv med undervisning kan bruke video som verktøy til læring saman med studentane dine.

Temaside om læringsstøtte-for undervisere

Video er eit medium som gir mange mulegheiter. Men det er likevel ikkje slik at video i undervisninga er en garantist for betre læringsutbytte. Mediet i seg sjølv gir ikkje læring; det er korleis ein utformar video og inkorporerer det i undervisningsmetoden som er avgjerande.

Ulike videoformat og korleis bruke dei #

Det er mange grunnar til å bruke video og mange måtar å gjere det på. Vi kan for enkelheits skuld gruppere videoformat til undervisning og læring inn i 2 hovudkategoriar:

  • Sanntidsvideo- Live-overføring/streaming mellom ulike location
  • Utforma/designa video- Eigenprodusert video eller bestilt produksjon (t.d. frå NTNU Multimediesenteret)

Under desse igjen finn vi fleire inndelingar, som streaming frå førelesning og undervisning, ein til ein-streaming, konferansar, møter og to-vegs stream mellom campus. Vi kan utforme video på fleire vis også: Skjermopptak, studioopptak, opptak i undervisningsrom, opptak på eigen eining (mobil og nettbrett) til feedback eller korte introduksjons-snuttar til tema, samt interaktiv-video med quiz og oppgåver. I tillegg fins det allereie eksisterande materiale du kan velje mellom.

Bruke sanntidsvideo #

Vegleiingsverktøy #

Sjølv om andlet til andlet kan ha nokre fordelar, er det også mogleg å gjennomføre vegleiinga ved hjelp av video-overføring. Du treng:

  • God nok lyd og bilete-kvalitet
  • Plattform/verktøy å jobbe på 

Microsoft Lync (Skype for Business) er eit godt verktøy som let deg treffe studenten eller studentane i sann-tid for vegleiing eller samtale. Spesielt enkelt er det å finne felles, ledig tid når både studentar og tilsette ved NTNU har Outlook-epost-adresse som er synkronisert med Skype/Lync. Dette betyr at ein kan få tilgang til kvarandre sine kalendrar, og booke møte der ein finn felles, ledig tid. Her er vegleiinga for korleis du kan opne andre sin kalendrar og dele din eigen.

Lync gir oss mulegheit til å:

  • køyre fellestreff med fleire på-logga samstundes eller berre ein til ein
  • ta opp vegleiinga ved hjelp av skjermopptak, slik at du og studentane kan ta opp tråden eller gå igjennom vegleiing seinare 
  • sleppe reise for å gjennomføre vegleiingar

Undervise på tvers av campus #

NTNU er no lokalisert fleire stader i Trondheim, samt i Gjøvik og Ålesund. Dette krev at vi tenkjer nytt rundt det å undervise studentar som ikkje berre finn seg i eit rom. Enn så lenge er å sette opp Lync eller videokonferanse i undervisningsrommet som er løysinga. Dette kan du få hjelp til av den lokale AV-tenesten eller Multimediesenterert.

Det er også sett i gong pilotprosjekt i regi Multimediesenteret på rigging av infrastruktur som vil gjere slik fleir-campus undervisning både enklare og meir straumlinjeforma.

Bruke utforma/designa video #

Illustrerer arbeidsmåtar og metodar #

Video er også godt egna til å illustrerer eller vise studentane korleis du som faglærer løyser enkle eller meir komplekse oppgåver. Du kan til dømes:

  • vise korleis du løyser eit matematiske problem eller gjennomføre utrekningar
  • vise korleis du lagar gode problemstillingar og strukturerer ein akademisk tekst 
  • vise korleis du førebur deg før øvingar til lab-arbeid
  • vise korleis du jobbar med programvarer eller programmering 

Skal du jobbe med tekst eller programvarer, vil skjermopptak vere ei fin løysning. Her har NTNU satsa på verktøyet MyMediasite. MyMediasite gir deg høve til både å ta opp og redigere på eiga datamaskin. Her finn du hjelp til å sette opp brukar og logge på.

Skal du gjere opptak av notasjon eller liknande, vil «pencasting» vere ei løysning. Her kan du til dømes bruke Livescribe og få opptak, med lyd, av notasjonar du gjer på ark (notatboka må du bestille frå Livescribe). Du kan også gjere dette digitalt, ved å bruke appen «Explain Everything» for iPad eller «Lecturenotes» for Android.

Om du treng å vise arbeidsmetodar som krev meir komplekse opptak, vil det vere lurt å søke NTNU Multimediesenteret om hjelp.

Alternativt innleveringsverktøy for studentane #

Studentane kan også bruke video som arbeidsverktøy når dei produserer fagleg innhald. Det kan vere som innleveringar i form av:

  • videoblogg/logg 
  • eigenvurdering 
  • kvarandre-vurdering  
  • gruppearbeid  

Dei aller fleste studentar har i dag smarttelefon eller nettbrett med innebygd kamera. Dei kan difor enkelt gjere slike opptak når og kvar dei ønskjer, eller har høve.

Videofeedback frå lærar #

Slik forskar og dosent ved Universitetet i Agder, Petter Mathisen, skriv i artikkelen «Video Feedback in Higher Education -A Contribution to Improving the Quality of Written Feedback», har universitetsstudentar tradisjonelt fått feedback i skriftlig form, og som regel via et eLS eller via e-post.  

Feedback gjort med videoopptak kan være ei god, alternativ løysning til store mengder skriftleg feedback.

  • Det kan effektiviserer eit omfattande arbeid for faglæraren.
  • Samstundes som studentane får gode, konkrete og lett forståelige tilbakemeldingar. 

Universitetet i Agder har allereie gjort vellykka forsøk med video som feedback-verktøy på skriftlige innleveringer i 6 ulike emnar. Blant anna fann dei at:

  • faglærarane og studentane satt igjen med positive opplevingar
  • faglærene sparte mykje tid
  • det som enklare enn skriftleg feedback
  • faglærarane fekk variasjon i måten dei jobba med feedback
  • faglærarane opplevde at studentane var nøgde 
  • det vart mindre misforståingar ved video feedback enn skriftleg feedback 

Her kan du sjå Petter Mathisen sitt foredrag om erfaringane frå videofeedback-prosjektet.  

Materiale til førebuing før ei «omvendt undervisningsøkt» #

Å «flippe» klasserommet krev ikkje alltid video. Men passar dette inn i faget ditt, så har du fleire mulegheiter når det kjem til god og hensiktsmessig bruk av video.

Har du ikkje tid eller høve til å produserer sjølv, så fins der allereie eksisterande ressursar du kan bruke. Desse må vere open for deling, og du må sjølv finne ut korleis videoar som passer til ditt behov.

Ulike måtar å produserer eigen video på kan vere:

  • opptak av førelesninga di i auditorium ved bruk av Swivl.  NTNU Gjøvik har god erfaring med denne forma sjølvopptak ved hjelp av ein eigenutvikla Swivl-koffert
  • skjermopptak på eigen maskin av PowerPoint eller Prezi ved hjelp av MyMediasite
  • bruke profesjonelle videoprodusentar som du finn ved NTNU Multimediesenteret

Ulike nettstader å finn allereie eksisterande materiale:

Sjå elles wikien Flipped classroom i undervisningen for meir informasjon om korleis du kan drive omvendt undervisning.

Andre grunnar til å bruke video i undervisning og til læring #

1. Personifisering: Skape ein meir kjenslebasert nærleik mellom studentane og fagstoffet. Har du en vanskelig teoretikar du skal presentere, la studentane høyre det frå teoretikaren sjølv. Eller om du sjølv har vanskelige teoriar eller fagstoff- la studentane å høyre og sjå deg formulere desse på video. 

2. Motivere studentane. Utprøving av videofeedback i høgare utdanning viser at studentane følte seg meir «sett» om dei kunne sjå og høyre førelesaren/læraren. Les meir om dette i wikien om digital feedback.

3. Variasjon i undervisinga.

4. Repetisjon for studentane: Tilgang til læremateriellet når som helst og kvar som helst, og på den eininga dei ønskjer. 

5. Inter-aktiv video med quiz, undersøkingar, øvingar eller oppgåver 

6. Tilpassa undervisning: sjå alt i eige tempo, spole, stoppe, pugge 

7. Opptak til refleksjon rundt eigen praksis. Nyttig for lærarstudentar og andre fag som er av utøvande yrkesfagleg art.

Kontakt  #

Har du spørsmål om innhaldet på denne sida; kontakt artikkelforfattar Silje Belsvik Taftø

1 Vedlegg
3943 Visninger
Gjennomsnitt (0 Stemmer)