Språkvelger

English

Banner - Ferie

Ferie

For medarbeidarar

Ferie - administrere din ferie

Alle tilsette må registrere ferie

Alle arbeidstakarar har rett og plikt til å avvikle ferie. Det gjeld for både teknisk-administrativ og vitskapleg (vitenskapelig) tilsette. 


1.mai er fristen for å registrere hovudferien din i Selvbetjeningsportalen

Restferie skal registrerast før midten av november.

Påminning blir lagd som melding til alle tilsette på Innsida. I tillegg blir det sendt automatisk påminningar frå Selvbetjeningsportalen 1. april til tilsette som ikkje har registrert ferie, og 1. september til tilsette som har meir enn 15 betalte feriedagar igjen.

Registrera ferie | Slik registrerer du ferie (DFØ)

Etter at du har avklart ferien med leiaren din, registrerer du feriedagene i Selvbetjeningsportalen ved å sende ein fråværssøknad. Fraværssøknaden går direkte til din leiar. 


Endre registrert ferie | Slik endrer du ferie (DFØ)

I samråd med leiaren din, kan du endre ferie som du allereie har registrert eller leggje til meir gjennom heile året. Det gjer du ved å slette uønskt ferie og søkje om ny ferie i det same skjemaet i Selvbetjeningsportalen.


Overføre ferie | Reglar for overføringSlik søkjer du om overføring av ferie (DFØ)

Det er mogleg for tilsett og leiar å inngå skriftleg avtale (frist 15. november) om overføring av inntil 14 dager til neste år. Hugs at du som tilsett ikkje har ein rett til å overføre 14 dagar sidan dette må avtalast med leiar. Leiar har styringsrett til å i staden påleggje deg å ta ut ferien i år.


Søk forskot på ferie | Reglar for forskot på ferie

Du kan søkje om å få ta ut inntil 10 feriedagar ferie på forskot innan 15. november kvart år i NTNU Hjelp. Du må ha søkt ut all ferie i årets kvote (betalt og ubetalt) før du kan søkje om forskot på feriedagar. Det er ikkje mogleg å søkje om forskot på betalte feriedagear så lenge du har ubrukte ubetalte feriedager igjen. 


Fråværsmarkering

Ferie: høyre spalte

Feriepenger

Utbetales den 12. juni kvart år uansett når du tek ut ferien. Feriepengar - utbetaling og utrekning

Spørsmål og svar om ferie

Kva gjeld for meg som:

Spørsmål om ferie?

  • For avklaringar om avvikling av ferie, kontakt din næraste leiar.  
  • For generelle spørsmål om ferie, kontakt Tenestesenteret.

For leiarar og administrasjon

Leiarar vil få tilsendt varslar frå DFØ 

  • 1.mai dersom tilsette har meir enn 60 % igjen av tildelte feriedagar
  • 15.oktober sendes varsel til leiar dersom du har tilsette med meir enn 15 betalte feriedagar