Wikier

Tjenester og...

Bruke video til undervisning og læring

English version: Using video for teaching and learning

Denne sida inneheld tips og informasjon om video i undervisninga, og korleis du som driv med undervisning kan bruke video som verktøy til læring saman med studentane dine.

Temaside om nettbasert undervisning

Video er eit medium som gir mange mulegheiter. Men det er likevel ikkje slik at video i undervisninga er en garantist for betre læringsutbytte. Mediet i seg sjølv gir ikkje læring; det er korleis ein utformar video og inkorporerer det i undervisningsmetoden som er avgjerande.

Ulike videoformat og korleis bruke dei

Det er mange grunnar til å bruke video og mange måtar å gjere det på. Vi kan for enkelheits skuld gruppere videoformat til undervisning og læring inn i 2 hovudkategoriar:

  • Sanntidsvideo: Live-overføring/strømming mellom ulike lokalitetar
  • Utforma/designa video: Eigenprodusert video eller bestilt produksjon

Under desse igjen finn vi fleire inndelingar, som strømming frå førelesning og undervisning, ein til ein-strømming, konferansar, møter og to-vegs strømming mellom campus. Vi kan utforme video på fleire vis også: Skjermopptak, studioopptak, opptak i undervisningsrom, opptak på eigen eining (mobil og nettbrett) til feedback eller korte introduksjons-snuttar til tema, samt interaktiv-video med quiz og oppgåver. I tillegg fins det allereie eksisterande materiale du kan velje mellom.

Bruke sanntidsvideo

Rettleiingsverktøy

Sjølv om andlet til andlet kan ha nokre fordelar, er det også mogleg å gjennomføre rettleiinga ved hjelp av video-overføring. Du treng:

  • God nok lyd og bilete-kvalitet
  • Plattform/verktøy å jobbe på

Det er i hovudsak to verktøy som kan nyttast til dette føremålet:

Videoverktøy gir oss høve til å:

  • køyre fellestreff med fleire på-logga samstundes eller berre ein til ein
  • ta opp rettleiinga ved hjelp av skjermopptak, slik at du og studentane kan ta opp tråden eller gå igjennom rettleiing seinare
  • sleppe reise for å gjennomføre rettleiingar

Undervise på tvers av campus

NTNU har lokalitetar fleire stader i Trondheim, samt i Gjøvik og Ålesund. Dette krev at vi tenkjer nytt rundt det å undervise studentar som ikkje berre finn seg i eit rom.

Vi har fleire rom som er sett opp med utstyr til å drive undervisning på tvers av campus.

Bruke utforma/designa video

Illustrere arbeidsmåtar og metodar

Video er også godt egna til å illustrere eller vise studentane korleis du som faglærer løyser enkle eller meir komplekse oppgåver. Du kan til dømes:

  • vise korleis du løyser eit matematiske problem eller gjennomfører utrekningar
  • vise korleis du lagar gode problemstillingar og strukturerer ein akademisk tekst
  • vise korleis du førebur deg før øvingar til lab-arbeid
  • vise korleis du jobbar med programvare eller programmering

Skal du jobbe med tekst eller programvare, vil skjermopptak vere ei fin løysning. Her har NTNU satsa på verktøyet Panopto. Panopto gir deg høve til å både ta opp og redigere på eiga datamaskin. På sida Panopto undervisningsopptak finn du hjelp til å sette opp brukar og logge på.

Alternativt innleveringsverktøy for studentane

Studentane kan også bruke video som arbeidsverktøy når dei produserer fagleg innhald. Det kan vere som innleveringar i form av:

  • videoblogg/logg
  • eigenvurdering
  • kvarandre-vurdering
  • gruppearbeid

Studentar har også mulegheit til å lage videoar i Panopto og gjere skjermopptak i Powepoint. Dei aller fleste studentar har i dag smarttelefon eller nettbrett med innebygd kamera. Dei kan difor enkelt gjere slike opptak når og kvar dei ønskjer, og laste dei opp til Panopto eller direkte til Blackboard.

Videofeedback frå lærar

Slik forskar og dosent ved Universitetet i Agder, Petter Mathisen, skriv i artikkelen «Video Feedback in Higher Education -A Contribution to Improving the Quality of Written Feedback», har universitetsstudentar tradisjonelt fått feedback i skriftlig form, og som regel via eit eLS eller via e-post.

Feedback gjort med videoopptak kan være ei god, alternativ løysning til store mengder skriftleg feedback.

  • Det kan effektiviserer eit omfattande arbeid for faglæraren.
  • Samstundes som studentane får gode, konkrete og lett forståelige tilbakemeldingar.

Universitetet i Agder har allereie gjort vellykka forsøk med video som feedback-verktøy på skriftlige innleveringer i 6 ulike emnar. Blant anna fann dei at:

  • faglærarane og studentane satt igjen med positive opplevingar
  • faglærene sparte mykje tid
  • det framstod som enklare enn skriftleg feedback
  • faglærarane fekk variasjon i måten dei jobba med feedback
  • faglærarane opplevde at studentane var nøgde
  • det vart mindre misforståingar ved videofeedback enn skriftleg feedback

Her kan du sjå Petter Mathisen sitt føredrag om røynslene frå videofeedback-prosjektet.

Materiale til førebuing før ei «omvendt undervisningsøkt»

Å «flippe» klasserommet krev ikkje alltid video. Men passar dette inn i faget ditt, så har du fleire mulegheiter når det kjem til god og hensiktsmessig bruk av video.

Har du ikkje tid eller høve til å produserer sjølv, så fins der allereie eksisterande ressursar du kan bruke. Desse må vere open for deling, og du må sjølv finne ut kva videoar som høver til ditt behov.

Ulike måtar å produserer eigen video på kan vere:

  • opptak av førelesninga di i auditorium
  • skjermopptak på eigen maskin ved hjelp av PowerPoint, Blackboard Collaborate eller Panopto
  • bruke sjølvkjørsstudio på campus

Ulike nettstader å finne allereie eksisterande materiale:

Sjå elles wikien Flipped classroom i undervisningen for meir informasjon om korleis du kan drive omvendt undervisning.

Andre grunnar til å bruke video i undervisning og til læring

1. Personifisering: Skape ein meir kjenslebasert nærleik mellom studentane og fagstoffet. Har du en vanskelig teoretikar du skal presentere, la studentane høyre det frå teoretikaren sjølv. Eller om du sjølv har vanskelige teoriar eller fagstoff- la studentane å høyre og sjå deg formulere desse på video.

2. Motivere studentane. Utprøving av videofeedback i høgare utdanning viser at studentane følte seg meir «sett» om dei kunne sjå og høyre førelesaren/faglæraren. Les meir om dette i wikien om digital feedback.

3. Variasjon i undervisinga.

4. Repetisjon for studentane: Tilgang til læremateriellet når som helst og kvar som helst, og på den eininga dei ønskjer.

5. Inter-aktiv video med quiz, undersøkingar, øvingar eller oppgåver

6. Tilpassa undervisning: sjå alt i eige tempo, spole, stoppe, pugge

7. Opptak til refleksjon rundt eigen praksis. Nyttig for lærarstudentar og andre fag som er av utøvande yrkesfagleg art.

Kontakt

Ta kontakt med Seksjon for læringstøtte (SLS) for hjelp med digital læring. Ta kontakt via NTNU Hjelp.