Tilbake

Interne forskingsmidlar ved HF

(Videresendt fra Interne forskningsmidlar ved HF)

English version: Faculty research grants - HF

Temaside om forskingsmidlar | Alle sider merka med forskingsmidlar

Det humanistiske fakultetet lyser ut midlar til forsking, forskarutdanning, konferansereiser og publisering tre gongar i året. Omgrepet forsking inkluderer i denne samanhengen kunstnarleg verksemd.  

Søknadsfristar #

TerminPeriodeSøknadsfrist
1. termin1. januar - 30. april1. desember året før
2. termin1. mai - 31. august1. april
3. termin1. september - 31. desember10. august

Merk at fristane er rettleiande. Nøyaktig frist kan variere frå år til år og vil kome fram i meldinga på Innsida når midlane blir lyste ut. Søknadsfristane vil ikkje vere tidligare enn vist i tabellen over.  

Strategi for Det humanistiske fakultetet 2018-2025 legg føringar for vurderinga ved tildeling.  

Type søknadar #

Det er høve til å søkje om midlar til prosjekt, reiser og publisering.

Utlysinga gjeld for faste og midlertidige vitskaplege tilsette i stilling med varigheit over eitt år. I tillegg må stillingsandelen vere på minst 20%. Stipendiatar og postdoktorar kan berre søkje om reisemidlar for stipendiatar og postdoktorar.

Prosjekt #

Prosjektutvikling #

Fakultetet har som mål å auke den eksternfinansierte verksemda. Det er høve til å søkje midlar til arbeid med større forskingsprosjekt som munnar ut i søknad om ekstern finansiering. Følgjande søkarar vil bli prioriterte:

  • Forskingsgrupper som tidlegare har fått god vurdering frå eksterne finansieringskjelder eller vurderingskomitear.
  • Forskingsgrupper som har konkrete søknadsplanar i påfølgande år. 

Der det er relevant, skal prosjektet innebere samarbeid med internasjonale samarbeidspartnarar og forskingsmiljø.  

For søknadar koordinerte ved NTNU, vil berre søknadar frå prosjektleiarar bli handsama. I dei høva der hovudprosjektet er koordinert frå ein annan institusjon, vil NTNU-tilsette deltakarar kunne søkje om midlar til å utvikle sine delprosjekt.

Det er i alle høve ein føresetnad at prosjektleiar skal utforme søknad om ekstern finansiering, og at prosjektet blir utforma slik at det tilfredsstiller krava som Noregs forskingsråd eller andre eksterne finansieringskjelder sett. Merk at viss ein har konkrete planar om å søke EU-midlar, bør ein søke om prosjektetableringsstønad (PES) eller posisjoneringsstønad (POS) frå NTNU sentralt. Ta kontakt med EU-rådgivar Chamila Attanapola (chamila.attanapola@ntnu.no) for meir informasjon.  

Søknadar skal innehalde opplysningar om tema og problemstillingar, samarbeidspartnarar, tidsplan, samt eit enkelt budsjett som viser finansiering fram til søknad om eksterne midlar.  

Faglege arrangement #

Det er høve til å søkje støtte til faglege arrangement som konferansar, seminar, workshop og liknande som er eit ledd i arbeidet med søknad om eksterne midlar, jf. punktet om prosjektutvikling. Søknaden skal da innehalde opplysningar om tema, samarbeidspartnarar, tidsplan for utviklinga av prosjektsøknaden, samt eit budsjett for arrangementet. 

Reisemidlar #

Reisemidlar for stipendiatar og postdoktorar  #

Fakultetet støttar fagleg relevante utanlandsopphald for stipendiatar og postdoktorar som det ikkje er rom for innanfor rammene av ordinære driftsmidlar. Søknadar skal innehalde:  

  • tilråding frå rettleiar (gjeld berre for stipendiatar) 
  • kort søknadsbrev med informasjon om formål, stad og periode 
  • budsjett, inkludert informasjon om eigne driftsmidlar 

Reisemidlar for aktiv deltaking på internasjonale konferansar for vitskapleg tilsette #

Fakultetet støttar aktiv deltaking på fagleg relevante internasjonale konferansar for vitskapelege tilsette i fast stilling eller midlertidig stilling med varigheit over eitt år.  

Tildeling føresett dokumentasjon av aktiv deltaking. Resultatet av aktiviteten skal normalt føre til vitskapleg publisering. Publikasjonen skal gi publikasjonspoeng i Cristin-systemet. Plan for dette skal komme fram i søknaden. 

Ein kan maksimalt søkje om 11 500 kr for reiser i Europa og 15 300 kr for reiser utanfor Europa. Søkarane vil bli rangerte etter omfanget på tildelte reisemidlar inneverande og dei to føregåande budsjettåra, stillingsomfang og fagleg aktivitet sidan førre tildeling.  

Arkiv-/feltarbeid #

Ein kan søkje reisemidlar for arkivarbeid eller feltarbeid. Stønaden er ikkje meint for lengre forskingsopphald, men for kortare opphald i arkiv eller for å gjere feltarbeid. Søkjaren må leggje ved ei kort prosjektskildring, budsjett og plan for publisering av arbeidet. 

Publisering #

Det humanistiske fakultetet har som mål å auke publiseringskvalitet og -omfang, spesielt gjennom å fremje internasjonal publisering. 

Trykkestønad #

Det er høve til å søkje om trykkestønad til publisering av vitskaplege artiklar, vitskaplege monografiar og vitskaplege antologiar. Fakultetet vil prioritere stønad til publikasjonar på anerkjente internasjonale forlag og temanumre av anerkjente tidsskrift. Kriteria for tildeling av midlar er følgjande: 

  • at det føreligg avtale med forlag
  • at publikasjonen vil gi publikasjonspoeng i Cristin-systemet 

Språkvask og omsetjing #

For manuskript som er tenkt utgjevne på internasjonale forlag, vil det vere høve til å søkje om omsetjing eller språkvask. Det gis ikkje stønad til omsetjing frå norsk til engelsk. Publikasjonen må gi publikasjonspoeng i Cristin-systemet. 

Faglege arrangement #

Det er høve til å søkje støtte til faglege arrangement som konferansar, seminar, workshop og liknande som er eit ledd i arbeidet med ein vitskapleg publikasjon. Søknaden skal da innehalde opplysningar om tema, deltakarar/forfattarar frå HF, tidsplan for utgjevinga, aktuelle forlag/tidsskrift, samt eit budsjett for arrangementet. Publikasjonen må gi publikasjonspoeng i Cristin-systemet.  

Søknadsskjema #

Du søkjer ved å fylle ut det digitale søknadsskjemaet. Skjemaet blir opna ein månad før søknadsfristen.

Ta kontakt med forskingsseksjonen til HF om du har spørsmål.  


Lenkjer til relevante sider med meir informasjon: 

0 Vedlegg
3454 Visninger
Gjennomsnitt (0 Stemmer)